søndag 1. mars 2009

Tur til Hellesylt

I helga var vi på gutatur til Hellesylt. Dette er ein årviss tur, men eg har ikkje vore med på mange år. Drog til huset som Magne disponerar på fredagskvelden. Laurdag var vi på Lianibba, dvs. ekstremistane kom til topps, mens vi var 5stk. som returnerte etter ca. 1100 meter. Nesten ikkje sikt, vind og snø gjorde
det meir fristande å returnere. Men
litt bittert å ikkje nå toppen. Søndag
drog vi eit stykke over Flofjellet. Ein
fin tur, men sikkert endå finare om sommaren med fleire vatn sørover mot Flo og Strynsvatn. Kjekt kameratskap - kjenner meg nok ein gong priveligert.

Ingen kommentarer: