lørdag 3. oktober 2009

Måneskinnstur


Endelig fint vær. måtte ta en kveldstur med båten

søndag 6. september 2009

Team Extreme






Då var helga over, og vi kjenner oss utslitt og velsigna. Vannvittig mykje arbeid og utallige trådar å ha kontroll over. 8-10 gode hjelparar som stod på før, under og etterpå. Etter to timars arbeid i dag, såg det ikkje ut som om Bedehuset har vore brukt i helga ein gong. Ein fantastisk gjeng med eit brennande hjarte. Blir nok meir samarbeid her, men først er det tid for å kvile

fredag 21. august 2009

Fins ikkje dårleg vær, berre dårlege klær

Med sitteunderlag som paraply, kjole og joggedress er alfhild kledd som det friluftsmenneske ho er

lørdag 8. august 2009

Tur til Ikornes

I dag tok vi oss ein tur med "Marion" til Ikornes. Frisk bris over fjorden gjorde at det gynga litt, men det gjekk heilt fint. Det var Gunhild og Torhild sin første tur med båten. Gjestebrygga låg fint til, og ein kjem lett i kontakt med andre båtfolk. Vi kosa oss med reker og loff på brygga. Eit flott og avslappande liv i ein fin somarkveld.


onsdag 5. august 2009

Lauparen






Endeleg kom dagen då eg skulle bestige Lauparen. Har hatt lyst til dette i fleire år, men trudde ikkje eg klarte det på grunn av at det var luftig. Ein fantastisk tur i eit nydeleg somarver og med ei spektakulær utsikt. Det var verdt det. Sjølv om det var på grensa av kva eg klarte, er eg likevel klar for neste utfordring: Slogen

mandag 3. august 2009

søndag 2. august 2009

Båttur til Ulstein





Vår første overnattingstur i eigen båt gjekk til Borgarøya. Vi gjekk til Eiksund, inn i skjærgården til Kjeldsund og vidare mot Ulsteinvik. Låg i lag med to andre båtar, frå Harøya og Skåla. Trivelig bekjendtskalp på brygga. Vakna til stille vatn og flott natur i skjærgarden. Returen gjekk via Flø, Breisundet og is i Ålesund. Dette er livet!!!

Onsdagstur til Ljøbrekka




Ny onsdag med nye muligheter. Denne dagen drog vi mot Hellesylt og gjekk "Den trondhjemske postveg". Ein fin tur på eit par timar, i lett terreng med flott utsikt over geirangerfjorden

søndag 19. juli 2009

Kaptein på eiga skute

Ein av mine mange mange draumar gjennom livet, har vore å hatt eigen båt. Endeleg lot det seg gjere. Med sal av motorsykkel, og ei felles interesse og dragning mot havet og sjøliv gjorde at denne draumen lot seg gjennomføre. Med ei tresnekke på 26 fot og i god stand, vil dette vere ein stor del av livet vårt framover. Vi håper på mange fineversdagar med flott sjøliv


onsdag 8. juli 2009

Alfred som kunstner

Vi fekk nokre naboer i nabohytta som har hund, og trener agility. Dei lærte oss nokre enkle kunstner, som Asgeir starta å trene på. Det gjekk overraskande fort å lære inn desse to kunstnarane. Filmen er vannrett men ok...

tirsdag 7. juli 2009

Ferietur til Gol





I år blir det ingen vidløftig tur - til Gol og Golsfjellet. Etter nokre dagar på Gol med besøk på badeland og bjørneparken på Vassfaret, drog vi på fjellet for å ha nokre "late" dagar der. På Gol var det opp mot 35 graders varme - frykteleg i innlandet. Dårlege vermeldingar på fjellet, men det har heldigvis ikkje slått heilt til. Regn har det vore og vesentleg kaldare enn tidlegare, men og lange periodar med lettskya og varmt. Nokre av oss klarer ikkje å ha late dagar, og organiserer kvar dag med rundreise, sykkelturar, fisketurar, picknicturar m.m.m.

tirsdag 30. juni 2009

Pilegrimstreff 2009






Eg og Asgeir måtte få med oss Pilegrimstreffet og i år. Vi drog først til Sverige over Drevsjø. Vi hadde tenkt oss ein rundtur, men eg oppdaga at dekka var blankslitne, så vi returnerte same vegen. Hadde nokre fine dagar på Kvam, men frykteleg varmt, rundt 30 grader. Det er ikkje så veldig behageleg å ikle seg fullt mundur når det er så varmt. Det renn sveitte sjølv i 80 km/t.

Dagen etter sette eg inn annonse på Finn, hadde bestemt meg for å selge sykkelen etter denne turen. Veit ikkje heilt kvifor, men har eit ønske om å padle kajakk, så då er dette ei løysing. Kjem kanskje til å køyre sykkel igjen ein gong - vi får sjå

tirsdag 23. juni 2009

St.Hans feiring




Sjølv om det såg mørkt ut, vart det likevel feiring på Bjørkavollen. Vi gjøymde å skaffe ny komitè til i år, så derfor såg det ut til at det ikkje vart noko feiring denne dagen. Hilde og Jonas heiv seg rundt, og fikk med seg oss andre frå i fjor. Nokre var ekstrem i sin kostyme.

søndag 21. juni 2009

Storhornet, Godøy

ok ein topp er nådd. Denne gongen drog vi til Godøya, ikkje den høgste toppen, men ei fantastisk utsikt utover havet.
Det var ein heilt ok tur og denne gongen tok vi og med Alfred. Nokre parti var temmeleg bratt og Alfred måtte derfor berast. Merka godt 12-13 kg. ekstra sånn plutselig på magen, men fikk ta det som ei treningsøkt.


Nok ein topp er nådd og kan merkast av i "boka" og nok ein fantastisk dag på jobb. Har ikkje lyst på ferie slike dagar, men på fredag er dagen da fire veker med fri ventar. Håper på ein del fine turar også i ferien. Det er iallefall planlagt.

onsdag 10. juni 2009

Blåskjæringen


Så var det tid for nok ein topptur, denne gongen til Blåskjæringen i Haram. Toppen er på 1061moh, den største toppen i Haram, men og den største toppen i denne "serien" med turar i jobbsamanheng.



Vi gjekk opp eit stykke over Krogsætra mellom Vatne og Fiksdal. Starta med å gå feil veg, og måtte derfor gå bratt opp i mjuk, fuktigt terreng. Når vi nærma oss toppen, kom skodda sigande.

Vi hadde med GPS, derfor tok vi sjansen på å gå på toppen. Vi håpa på at skodda letna og sat på toppen ein times tid. Det såg bra ut i periodar, men blei berre tjukkare og tjukkare.



Vi måtte ta vendereis utan å få sett på den fantastiske utsikta som skal vere her, fekk berre sjå konturane av dei stupbratte sidene. Hadde visstnok vore basehopp herfrå nokre dagar tidlegare.

tirsdag 9. juni 2009

Østremssetra




Tok oss ein liten tur til Østremssetra. Sjølv om det blir ein del toppturar, må ein ikkje gløyme det flotte lanskapet i "låglandet" Gjekk opp saman med Gunhild og Alfred, og fekk ein flott oppleving på fleire plan

fredag 5. juni 2009

Festøykollen

.
Da var det tid for ein ny tur, denne gongen til Festøykollen (911moh) Starta opp mot Erdal i Barstadvik og gjekk først bratt opp til 400 moh til Gamlestøylen før vi fortsatte til toppen


Flott utsikt over store deler av Sunnmøre, inn til Skodjevika og ut mot havet. Det er ikkje så bratt som det ser ut, men eit artigt motiv likevel

Turen opp skulle etter beskrivelsen være på to og en halv til tre timar, men vi gjorde den unna på to timar og eit kvarter. Kjenner at formen er stigande og det er godt. Neste tur planlegg vi til Blåskjæringen neste veke, så får vi sjå