tirsdag 30. juni 2009

Pilegrimstreff 2009






Eg og Asgeir måtte få med oss Pilegrimstreffet og i år. Vi drog først til Sverige over Drevsjø. Vi hadde tenkt oss ein rundtur, men eg oppdaga at dekka var blankslitne, så vi returnerte same vegen. Hadde nokre fine dagar på Kvam, men frykteleg varmt, rundt 30 grader. Det er ikkje så veldig behageleg å ikle seg fullt mundur når det er så varmt. Det renn sveitte sjølv i 80 km/t.

Dagen etter sette eg inn annonse på Finn, hadde bestemt meg for å selge sykkelen etter denne turen. Veit ikkje heilt kvifor, men har eit ønske om å padle kajakk, så då er dette ei løysing. Kjem kanskje til å køyre sykkel igjen ein gong - vi får sjå

tirsdag 23. juni 2009

St.Hans feiring




Sjølv om det såg mørkt ut, vart det likevel feiring på Bjørkavollen. Vi gjøymde å skaffe ny komitè til i år, så derfor såg det ut til at det ikkje vart noko feiring denne dagen. Hilde og Jonas heiv seg rundt, og fikk med seg oss andre frå i fjor. Nokre var ekstrem i sin kostyme.

søndag 21. juni 2009

Storhornet, Godøy

ok ein topp er nådd. Denne gongen drog vi til Godøya, ikkje den høgste toppen, men ei fantastisk utsikt utover havet.
Det var ein heilt ok tur og denne gongen tok vi og med Alfred. Nokre parti var temmeleg bratt og Alfred måtte derfor berast. Merka godt 12-13 kg. ekstra sånn plutselig på magen, men fikk ta det som ei treningsøkt.


Nok ein topp er nådd og kan merkast av i "boka" og nok ein fantastisk dag på jobb. Har ikkje lyst på ferie slike dagar, men på fredag er dagen da fire veker med fri ventar. Håper på ein del fine turar også i ferien. Det er iallefall planlagt.

onsdag 10. juni 2009

Blåskjæringen


Så var det tid for nok ein topptur, denne gongen til Blåskjæringen i Haram. Toppen er på 1061moh, den største toppen i Haram, men og den største toppen i denne "serien" med turar i jobbsamanheng.



Vi gjekk opp eit stykke over Krogsætra mellom Vatne og Fiksdal. Starta med å gå feil veg, og måtte derfor gå bratt opp i mjuk, fuktigt terreng. Når vi nærma oss toppen, kom skodda sigande.

Vi hadde med GPS, derfor tok vi sjansen på å gå på toppen. Vi håpa på at skodda letna og sat på toppen ein times tid. Det såg bra ut i periodar, men blei berre tjukkare og tjukkare.



Vi måtte ta vendereis utan å få sett på den fantastiske utsikta som skal vere her, fekk berre sjå konturane av dei stupbratte sidene. Hadde visstnok vore basehopp herfrå nokre dagar tidlegare.

tirsdag 9. juni 2009

Østremssetra




Tok oss ein liten tur til Østremssetra. Sjølv om det blir ein del toppturar, må ein ikkje gløyme det flotte lanskapet i "låglandet" Gjekk opp saman med Gunhild og Alfred, og fekk ein flott oppleving på fleire plan

fredag 5. juni 2009

Festøykollen

.
Da var det tid for ein ny tur, denne gongen til Festøykollen (911moh) Starta opp mot Erdal i Barstadvik og gjekk først bratt opp til 400 moh til Gamlestøylen før vi fortsatte til toppen


Flott utsikt over store deler av Sunnmøre, inn til Skodjevika og ut mot havet. Det er ikkje så bratt som det ser ut, men eit artigt motiv likevel

Turen opp skulle etter beskrivelsen være på to og en halv til tre timar, men vi gjorde den unna på to timar og eit kvarter. Kjenner at formen er stigande og det er godt. Neste tur planlegg vi til Blåskjæringen neste veke, så får vi sjå