lørdag 21. mars 2009

En liten hundeoppdatering



I fare for å verte "tussete" skal eg prøve å ikkje legge ut for mange hundebilete. Men må seie at vi har vore svært opptatt av dette nye vesenet som har flytta hit. Han er berre så flott. Har hatt ein god del besøk av slekt, og dette taklar han bra. Er svært tillitsfull, men kjem og legg seg på føtene mine når det blir nok. Og det kjennes godt for meg og, då har vi etablert eit godt forhold. Han lærer fort og skjønar fort når det er noko gale han gjer.

Ingen kommentarer: