mandag 30. mars 2009

Karl-Audun til Shetland

Karl-Audun drar nå sammen med en del kamerater av oss til Shetland. Her holder de på å kaste loss. Kunne tenke meg å bli med over, men prioriteringen ble denne gangen hund. Snøkave og stiv kuling med storm over Stadt. Bedre meldinger til i morgen og ligger kanskje i le der til i morgen


torsdag 26. mars 2009

Treng ikkje vere sprek for å gå på tur

Sidan føtene mine ikkje er ferdig utvikla enno, er det for langt å få på fjellet åleine. Då er det godt å ha ein sekk å liggje i. Ein sekk på ryggen og ein på magen skalper likevekt.


tirsdag 24. mars 2009

Ut på tur snart 10 uker




Har vore nokre turer ut i det fri. Oppleve nye områder og ukjende artsfrender er stort. Var ein tur på Emblemssanden og Vasstranda. Kan ikkje gå så langt, men langt nok til å lære tilknytning.

lørdag 21. mars 2009

En liten hundeoppdatering



I fare for å verte "tussete" skal eg prøve å ikkje legge ut for mange hundebilete. Men må seie at vi har vore svært opptatt av dette nye vesenet som har flytta hit. Han er berre så flott. Har hatt ein god del besøk av slekt, og dette taklar han bra. Er svært tillitsfull, men kjem og legg seg på føtene mine når det blir nok. Og det kjennes godt for meg og, då har vi etablert eit godt forhold. Han lærer fort og skjønar fort når det er noko gale han gjer.

fredag 20. mars 2009

Åååå, så trøytt eg er

Dette er ein av yndlingsstillingane mine når eg slapper av. Bakbeina godt strekt bakover og med halen i midten, liknar eg mest ein sel. Men godt er det

Det er ikke så farlig som det ser ut

Så har Alfred flytta til oss. Har hatt et par flotte dager, med mange nye inntrykk. Han har så langt vist seg som en sosial og veltilpasset hund. Passer på hvor vi går, men kan også ha stort selskap med seg selv. Selv mor ble solgt, og da er alt som det skal være. Møtte i dag for første gang en annen hund, Laffen, og for en hund. Stooor og skemmende, men samtidig en hund med stor omsorgsevne. Det gikk ikke et minutt engang før de var svært så gode venner. Får nok mye selskap fremover.

lørdag 14. mars 2009

Glomsetvatnet

Eg fekk dette bildet frå Berit i dag. Eg måtte på arbeid denne fine dagen, men Berit tok med seg Andreas på tur inn til Glomset. Dei fann ein fin, merka skogsveg og kom fram til dette vatne. Adreas sa at dette skulle pappa vore med på. Men det får vere til ein annan gong.


fredag 13. mars 2009

Marius et rugbrød for første gong

Marius, som er sønn av Maj-Britt og Morten, får rugbrød for første gong. Når eg fekk denne videosnutten, var han så artig at det kan vere kjekt for andre og å sjå dette.

søndag 8. mars 2009

Høgkubben

Var ein snartur på Høgkubben i dag. Fint vårver, og vi gjekk denne gongen frå Skarpetegane. Fint føre opp, og sjølv på 450 meter er det etter kvart lite snø.

torsdag 5. mars 2009

Merafta

Vakna til ein nyydelig dag. Asgeir skulle på skidag med skulen på Strandafjellet. Bestemte oss for at vi skulle pakke sekken og gå ein formiddagstur etter at vi hadde kjøyrd han til Magerholm. Kjørte inn mot Glomset og stoppa ved ein veg vi ikkje hadde gått før. Etter kvart nærma vi oss Merafta. Berit orka ikkje å gå heilt opp, det vart rimeleg bratt. Flott utsikt til alle kantar (566 m.o.h)



mandag 2. mars 2009

Alfred 6 veker


Det er kjekt å få stadige oppdateringar frå oppdrettar. Sist torsdag var Alfred 6 veker, og vi ser store forandringar. No er det berre to og ei halv veke igjen.

søndag 1. mars 2009

Tur til Hellesylt

I helga var vi på gutatur til Hellesylt. Dette er ein årviss tur, men eg har ikkje vore med på mange år. Drog til huset som Magne disponerar på fredagskvelden. Laurdag var vi på Lianibba, dvs. ekstremistane kom til topps, mens vi var 5stk. som returnerte etter ca. 1100 meter. Nesten ikkje sikt, vind og snø gjorde
det meir fristande å returnere. Men
litt bittert å ikkje nå toppen. Søndag
drog vi eit stykke over Flofjellet. Ein
fin tur, men sikkert endå finare om sommaren med fleire vatn sørover mot Flo og Strynsvatn. Kjekt kameratskap - kjenner meg nok ein gong priveligert.