tirsdag 28. april 2009

Sulafjellet 28.april


Nok ein nyydelig dag, og eg tok med min kjære svoger Frank opp mot Vonhytta. Flott veg oppover, litt tungt, men på ingen måte uoverkommeleg.

søndag 26. april 2009

Berit 50 år





Vi var på Bjorli for å feire Berit som vart 50 år denne sist helg. Saman med Kari og Jakob, Heidrun og Frank, Anne og Lars Ivar med familiar samt Kirsten. Vi hadde eit triveleg husvære der alle kunne vere i lag. Laurdagen var vi og grilla ved Lesjaskogsvatnet, i eit nydeleg vårver

onsdag 15. april 2009

Vår i Ålesund

Var på onsdagstur i dag, og fikk tatt dette flotte motivet fra småbåthavna på Hankane med Sunnmørsalpane i bakgrunn.


fredag 10. april 2009

Apelviksætra på Skodje


Måtte ha oss ein tur i dag også. Saman med Jan, Erna, Thomas og Olaf drog vi til Apelviksætra. Fin vårtemperatur og sekken pakka med pølser og kokkaffi samt god stemning drog vi av garde. Vi hadde ein triveleg dag og kom ikkje heim før til kvelden. Dette gjer vi gjerne igjen.

mandag 6. april 2009

Morgenstemning i Trondheim

Vi reiste til Trondheim i går saman med nokre vener, og blir her eit par dager. På morgnrunda i dag var det flott stemning over Nidelva. Skyfri himmel og god temperatur, Vi skal ein tur på Pirbadet, og ein tur i Trondheimsmarka


søndag 5. april 2009

Våren er definitivt her

Gjekk ein tur "puskhola rundt" i formiddag. Mykje påskeliljer, men og ein og annan kvitveis har dukka opp. Alfred storkosar seg på markane og har det kjekt med stort sett ingen ting. Følgjer med oss, men tar seg og nokre turar for seg sjølv innimellom. Kjekt liv

lørdag 4. april 2009

Bålkos ved Røyravatnet

Ein nydeleg laurdag. Starta med grautkjukk skodde, men letta ut på dagen. Vi pakka tursekken, kaffikjel og pølser og drog innover. Gjekk ei par kilometer på skogsveg før vi braut ned til vatnet. Svært myrlendt, men god stemning

fredag 3. april 2009

Våren bryt seg fram

Såg utanfor arbeidsstaden i dag nokre påskeliljer som braut seg gjennom asfalten, nytt liv av dauden gror.