fredag 29. mai 2009

Sandvikshornet





Var på tur på Sandvikshornet, igjen i embeds medfør. Tok ferga kl.0930 og starta fra Hjellane kl.1000. Etter bratt stigning opp til setrane gjekk det slakt innover til oppstigninga mot toppen. Til dels bratt, men lett framkommeleg. Fantastisk å komme seg til toppen 876 meter over havet. Kom tilbake kl.1600 - nok ein fatastisk dag på jobb.

søndag 24. mai 2009

Tur til Borgundgavlen

Det var Outdoor-messe på Borgundgavlen i dag, og vi tenkte å ta turen innom der for å sjå om det var nokre gode friluftstilbud. Mange kjekke ting for den som har... Ein del aktivitetar m.a. kajakkpadling og slenging frå line. Andreas prøvde seg-sa det var kjekt, men var fryktelig stille mens det stod på.

lørdag 23. mai 2009

Motorsykkelens dag


Som ein pause i eksamenslesing tok eg og Asgeir oss ein tur på Motorsykkelens dag i Ålesund. Mykje flott krom og glans. Kjørte i kortejse tilbake til Vasstranda saman med over 150 andre syklar. Asgeir i midten på vår Suzuki GSX 750 saman med Ragnar Eide og Kristin Fossum. Har blitt lite sykkel i år, men med tanke på at sykkelen opprinneleg skulle selgast til fordel for hund, må eg vel vere fornøgd likevel

fredag 22. mai 2009

Bigtonvatnet



Var ein kveldstur på Bigtonvatnet i dag. Alfred er no såpass stor at det etterkvart går an å ta noko lengre turar. Knappe 45 minutt tok turen opp ein flott maikveld. Det blir nok ein flott turkamerat etterkvart

onsdag 20. mai 2009

Forsøk på Lauparen







På denne onsdagsturen tenkte vi å prøve turen til Lauparen. Ambisiøst mål, og lite visste vi kor mykje snø det var der. Vi gjekk opp til Grytalivatnet, og oppe på det første platået etter vatnet hadde vi tråkka gjennom så mykje snø at det var urealistisk å gå lengre. Men det var ein fin tur, og målet skal prøvast igjen.

fredag 15. mai 2009

Sulafjellet 15.mai

Ja, så var vi her igjen. Denne gong i "embeds medfør". Var på tur saman med to pasientar. Den eine stansa ved Von-hytta, medan den andre hadde eit sterkt ønskje om å kome heilt til toppen. Som ein god sjukepleiar skal ein jo dekke behova, dermed "måtte" eg bli med opp. Noko stort offer var det jo ikkje, det var berre heilt topp på ein slik flott forsomardag. Vonar det vert fleire slike toppturar denne somaren.

lørdag 2. mai 2009

Sulafjellet 2.mai

Drog på nytt på Sulafjellet i dag, denne gongen saman med Lillian og Henning som er Lillian sin kjæreste. Kom opp til Vonhytta, formen var god og lysta på å gå vidare var stor. Avtalte med Gunhild om å hente oss på Eikrem. Været var flott, sjølv om det låg nokre regnskurer ute i havet som trua. Desse gjekk imidlertid nordover, så vi rekna med at dette skulle gå fint. Kom opp på Vardane, då kom plutselig styggeveret. Frå å vere sol og lettskya til at fjellet vart lukka inn av skodde, hagl og vind, gjekk på 5 minutt. Kom oss fort nedover, slik at vi fortsatt så stien. Fekk ein lærdom om at tilhøva i fjellet endrar seg svært fort, og at riktig utstyr er viktig. Vanntett og vindtett er ein føresetnad for å ha det godt ved slike tilhøve