lørdag 30. mai 2009

Eidsdal

I dag, på pinseaftan, ei eit nydeleg ver drog vi av gårde til Eidsdal og Geiranger. Målet var å vere med på åpninga til Hilde og Jan Olav Hesthaug sin nye kafè. Drog til Eidsdalsvatnet og åt lunch samt at Asgeir og Andreas fekk bade, sjønt noko badetemperatur var det ikkj, var ikkje så mange vekene sidan isen gjekk.Alfred har tidlegare vore litt redd dette vatnet, men har oppdaga at det kan vere kjekt, særleg i varmen.




Turistane har innteke Geiranger og det var flott somarstemning. Drog til slutt til Hilde og Jan Olav og smakte på rømmegrauten. Har fott til ein flott plass på Hesthaug, med ein spektakulær utsikt - verkeleg å anbefale. Skal visst ha ope kvar dag i somar frå 12-18.

Ingen kommentarer: